Reisebrev 8: Sines, Porto Santo, Madeira, Graciosa og Lanzarote Skriv ut
Skrevet av Marit   
Friday 05. September 2003
Geburtsdagsfest på stranda
I nokre veker dreiv vi med vinden sørover langs kysten på Portugal. Snart nådde vi byen Sines, som var vår siste stoppestad før vi skulle ut på havet og vestover att.

Vi blei mottekne av ein alvorleg kar i uniform. Han var frå tollvesenet og måtte gå gjennom alle papir, på båt og mannskap. Eit raskt overblikk over marinaen, kunne fortelje oss at resten av "seglefamilien" var på plass. Etterkvart er vi blitt ein konvoi på fem båtar som har slått følge langs melkeruta. Det var godt å sjå alle att.

I Sines fekk vi og tid til geburtsdagsfeiring. Dagen hadde lenge vore ein godt bevart løyndom, heilt til Frode kviskra det i øyret på Eva i svenske Malinda. Snart var heile gjengen samla på stranda. Det blei grilling, talar og song. "Marit, this is the best cake I've ever tasted", kom det frå ein av ungane. Eg takka for komplimentet og sendte ein takk til den tomme Toroposen som låg att i båten.

Er kjølen laus?
Vi ville vidare. Målet var Porto Santo nord for Madeira. Vermeldingane lova stabil vind frå rette retninga. Snart var vi på plass i cockpiten. Havet låg føre oss, vinden reiv i segla, kvalmen greip godt tak i oss, og alt var slik det skulle vere.

Ein slik vind vi fekk på denne overfarten, var nesten for mykje av det gode. Vi tok ned storseglet for å kunne utnytte vinden som, for ein gongs skuld, traff rett i forseglet. Vi køyrde berg-og-dalbane over bylgjene, og frydefulle hyl høyrdes i det vi surfa på bølgene. Vesle Petrell som har ein trivselsfart på 4,5 knop, nådde nye høgder. I det vi segla ned frå ei bølge, viste instrumenta ein fart på 14,5 knop. Vi høgde oss veg gjennom bylgjene, og Petrell segla vidare med baugen i sky.

Etter å ha lese Frode sitt nyinnkjøpte blad "Yachting world" , og lese historia om ein båt som mista kjølen og endte med å bli snudd på hovudet, var det ikkje fritt for at det var ei noko paranoid nattevaktinne som styrte Petrell gjennom natta. "No skjer det" tenkte eg, og planla i detalj korleis eg skulle få redda oss dersom kjølen vår skulle losne. Kvar morgon kom sola opp, og skein på rette sida av båten.

Vi hadde på førehand rekna med at turen skulle ta fire til fem dagar. Etter 79 timar slapp vi ankeret, og var klare for late dagar på Porto Santo.

"Blir du med, eller?" Eg vrir meg, opnar det eine auge og ser Frode stikke hovudet ned gjennom luka i cockpiten. Dyna er for lengst sparka av gjennom den varme natta og eg kvar meg ut av forpiggen. "Kor skal vi?", mumlar eg, og kunne ikkje hugse at vi hadde lagt då store planar for dagen. "Vi skal bade!", kvitrar morgonfuglen, og viser stolt fram den nye badebuksa.

Morgonbada -og alle andre bad for den saka si skuld -har til no vore min jobb. No stod Frode klar i badetrappa, og eg bestemte meg for at et slikt initiativ skulle bli fulgt opp. Snart plaske vi rundt i 25'c, med snorkel og maske. Uten å seie noko, tok eg ein liten kikk på kjølen. Den sat bom fast.

Bananer og druer på Madeira
Hovudøya Madeira ligg ikkje langt frå Porto Santo, og turen dit gjekk unna på fire timar. Høge fjelltoppar og ei nærast folketom marina møtte oss. Vi fann fort ut at vi måtte leiga ein bil og oppsøke sivilisasjonen. Allereie neste morgon sette vi ein liten Clio på prøve. Det bar opp og ned gjennom eit fantastisk frodig landskap. Utsikten var overveldande, sjølv for ein blasert nordmann.

Vi farta gjennom den eine garden etter den andre. Bananer og vindruer blei dyrka i store fold, og smakte fortreffeleg. Vi byrja å bli sugen på å gå litt, of sette kursen mot Madeira sin høgaste topp; Pico Ruiero, 1862 moh. Riktignok blei dei første 1500 tilbakelagt i bil. Dette hindra oss imidlertid ikkje i å setje kondisjonen på prøve.

Vi merka fort at tre månader om bord i ein lite seglebåt slett ikkje har gjort oss sprekare. Det var godt å bevege seg. Kroppen takka oss då vi nådde toppen. Utsikta var slåande. Hav, himmel og grøne fjell. Alt gjekk i eitt. Det er mykje å seie om seglarlivet, men utsikt er absolutt mangelvare.

Det skulle gå nokre dagar før vi fekk nok vind, frå rett hald, slik at vi kunne legge ut mot Graziosa og Lanzarote. Lufta stod stille, gradestokken stod på 35'c og svetten silte. Endeleg kom vinden. Med stjerner i augo sette vi ut. Det skulle ta oss 38 timar med motor før vi var framme. Havet låg som sirup om dagen, og som kvitt snølandskap i kveldinga. Nydeleg, ja, men vi var higne på å kome fram, og vi var higne på å segle.

På ankringsplassen var den britiske båten "Badgers sett" (grevlinghiet) allereie på plass, og tok vel i mot oss då vi kom fram. Då ankeret vårt hadde fått tak i den kvite sanden, kom grevlingen roande mot oss. Berykta som vi er blitt -utan kjøleboks- blei vi svært takksame for det grevlingen hadde med seg; iskald drikke. Akkurat det vi trong.

Ein smak av Noreg
Øya Graciosa er ei av dei nærast uberørte Kanariøyane. Det finnast ikkje vegar på øya, og minimalt med turistar. Derimot finnast det nydelege sandstrender, sanddyner og vulkanfjell så langt augo kan sjå. Her fekk vi smake litt på paradiset og det som vil vente oss. Opp på fjellet og ned i havet. Vulkanfjella gav flott utsikt over øya. Dykkermaska blei vindauge ut til fiskar i alle regnbogen sine fargar.

Vi låg no berre 300 meter nord for turistparadiset Lanzarote. Her venta mamma og pappa Midtgård. Det blei eit hjarteleg møte med dei, og det dei hadde med i kofurten. Brev, gåver -og hjortekjøt frå Matrefjella. Det er ikkje all hjort forunt å reise på chartertur til Lanzarote. Vi sette imidlertid pris på selskapet, og den vesle smaken av Noreg.

Etter late dagar ved bassengkanten, ventar no seglarlivet på oss. No går turen vidare til Kapp Verde-øyane og Afrika, og vi kjenner det skal bli godt å kome under segl att.

Helsing Frode og Marit.
 
< Forrige   Neste >