Reisebrev 9: Lanzarote, Gran Canaria, 30.09. - 12.11.2003 Skriv ut
Skrevet av Marit   
Thursday 16. October 2003
Familieforauking
Nokon kjem og nokon går. Denne gongen var det mamma og pappa Midtgård som vendte nasen heimover, medan pappa Knutsen vendte ryggen mot den gryande hausten i Bergen. Petrell var gjort klar til familieforauking så no skulle Asbjørn få smake fruktene av lange kveldar med klargjering av Petrell heime i båthavna. I vel tre månader skal vi leve, reise og oppleve framande hamner saman.

Hyperaktiv morgenfulg
Det tok riktignok ikkje lang tid før Asbjørn var tilbake i gamle traltar. Før fuglane feis første morgon, klirra det i tallerkar i byssa. Eg og Frode veksla blikk. "Vi har fått ein hyperaktiv morgonfugl om bord", mumla vi i forpiggen og humra over vår eigen kvilemodus. Etter få dagar om bord, hadde Asbjørn sørga for soltak, trekk til gummibåten og at trege skapdører fekk ny giv. Sistnevnte hadde vore eit irritasjonsmoment frå første dag av, men både eg og Frode hadde ignorert arbeidslysta om lag like lenge…

Ekte jordomseglarar
Etter dagar med iherdig jobbing, sette vi kursen mot Playa Blanca sør på øya Lanzarote. Der møtte vi att Fargo som kom frå Marokko -og den første kakerlakken om bord i Petrell. Eg skulle rydde litt i bokhylla, og der stod han. Stor, klein og sjølve symbolet på at ein hærskare av ekle småkryp om kort tid ville overta skuta vår. Eg kjende det gjekk kaldt nedover ryggen på meg. No var det altså skjedd. Vi var gått over i kakkerlakkbåtane sine rekkjer, møydomen var teken. No var vi ekte jordomseglarar.

Etter få dagar vendte vi nasen mot Gran Canaria og Las Palmas. Før avreise inntok vi ein kraftig middag og skulle dermed vere godt rusta for eit døger på havet. Det blei ettermiddag før vi kom oss av garde, og det gjekk ikkje lange tida før fiskane kunne nyte ein resirkulert spaghettimiddag. Bølgene kom frå alle kantar og vind var det umogeleg å oppspore. Ein dårleg kombinasjon for ein sjøsvak seglar. Natta gjekk med der eg hang over ripa og gapte. Magen var for lengst tom, men kvalmen hadde teke eit solid kvelartak om magesekken og tok ikkje eit nei for eit nei. Omsider var vi framme.

Las Palmas og Jonny Depp på spansk
I Las Palmas blei vi liggande i to veker. Fargo venta på nytt ekkolodd som skulle sendast frå Norge -noko som med god grunn kunne kallast "snail-mail". Vi brukte dagane på å bunkre opp og gjere oss klare til veker på havet -og kveldane til å nyte godene i storbyen. Etter månader på tur var det fantastisk å kunne bowle eller setje seg ned i kinosalen med ei bøtte popcorn. Det spelte mindre rolle at Jonny Depp prata spansk.

Frem og tilbake er dobbelt så langt...
Endeleg kom gladmeldinga. Med eit smil om munnen og pakke under armen, kunne Kristine konstatere at vi var klare for avgang. No var det Cabo Verde og Afrika som gjaldt. Neste morgon sette vi ut. No var vi i gang… trudde vi. Det gjekk ikkje lange tida før mortvinden, motstraumen og motløysa kom. Sjølv med motoren på full spikar, greidde vi ikkje å gjere meir enn knappe knopen. Den kvelden endra vi kursen 180 grader fleire gongar. Slik gjekk det til at vi fekk erfare at fram og tilbake er dobbelt så langt, og at nyfanga Dorada med potetstappe smakar fortreffeleg ved midnattstid vel i hamn. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Vi fekk nyte godt av turistmaskina Gran Canaria nokre dagar til, og kunne setje prikken over i'en i matskapet med trøndersodd og makrell i tomat.

En uke på havet
No venta ei veke på havet, med "the wind on our back and the sun on our face". Vi må leggje til at bølgjene kom frå sida, men ellers er ikkje sanninga langt unna. Det var godt å vere tre om bord på ei så lang overfart. Mange timar på puta -og deilige middagar som er langt over mi fatteevne når det gjeld kva ein kan få til i tre meter høge bylgjer. Nyfiska dorado og poteter koka i saltvatn med grønsaker til, har aldri smaka betre. Til og med sarte magar hadde ei god overfart. Godt er det!

Afrika
Etter 6 døger og 22 timar låg vi på svai utanfor det som til no skulle vise seg å vere turen si mest spanande hamn, Sal. Det var tidleg morgon og vi hadde passert natta i 3 knop for å kome fram i dagslys. No var vi i Afrika. Europa er tilbakelagt for ei stund og no ventar ei heilt anna verd…

Helsing Frode og Marit.
 
< Forrige   Neste >