|
|
|
Reisebrev 10: Cabo Verde, 12. - 17. 11. 2003 |
|
|
Skrevet av Marit
|
|
Wednesday 19. November 2003 |
Førsteintrykket Kaia var overfylt av lokale fiskarar og born som sprang til og frå. Litt nølande la vi frå oss gummibåten og såg oss om etter ein stad å stige i land. Det gjekk ikkje mange sekunda før ein svart liten neve blei strekt mot oss. Ein liten gut gjorde teikn til at kaia var sleip og at han ville hjelpe oss i land. Litt forvirra tok vi i mot og konstanterte at førsteinntrykket var godt.
Annerledeslandet Første oppgåva vår, var å få stempel i passa og finne ein stad der vi kunne skifte ut dei trofaste euroa våre mot nye escudos. Vi måtte til flyplassen. Vi rusla gjennom den vesle landsbyen og byrja så vidt å snuse inn litt av dette nye landet vi var kome til. Alt var så annleis. Rundt oss gjekk det koner som bar vatn på hovudet, eit esel rusla mellom dei vesle murhusa og ungane stira nyfikne på oss. Flyplassen var tydelegvis den store samlingsstaden for folka i landsbygda. Her kunne ein ringe, bruke internett og gå i banken. Dette lova godt. No kunne vi ringe heim og fortelje at vi var i Afrika. Det gjekk unna. Fem minuttar og 200,- kroner seinare konstanterte vi at dette ikkje var staden for koseprat med vener og familie heime…
Litt nølande rusla vi rundt i gatene. Det var umogeleg å gli inn i mengda. Vi nærast lyste opp som dei kvitansikta vi var. No måtte vi tilpasse oss ein ny måte å leve på. Her er det ingen marina med dusj og vaskemaskin -og ingen supermarknad med overfylte hyller. Frukt og grønsaker får vi på den lokale utandørsmarknaden og vatn må vi hente i kanner frå den kommunale tappekrana i byen. Ting er så annleis og brått er vi midt i det. Kanskje er det nettopp difor det går så bra?
Et liv som dupp Korleis øya Sal (norsk: salt) har fått namnet sitt, herka det lite tvil om etter ein dag på sykkelsetet. Heilt aust på øya, finnast det eit enormt saltutvinningsanlegg. Sveitte og slitne kava vi oss opp mot vulkankrateret og parkerte syklane våre utanfor. Vi rusla gjennom ein liten tunnell -som fekk oss til å tenke på den gamle tunnelen på Seim - og anlegget låg som ei kjempehole føre oss. Uti ei av dei store vatna låg det fleire ungar og bada. Det såg ut som om dei stod på botnen heilt til vi skjøna at det ikkje var tilfellet. Vatnet inneholdt så mykje salt at dei flaut som korkar rundt der nede. Dette ville vi prøve. Vi kasta oss uti og duppa rundt. "Skulle hatt med kaffikoppen!" kom det frå Asbjørn. "Vi kan jo symje synkronsymjing", ville Kristine. Snart låg vi der og flirte og nytte livet. Eit liv som dupp.
Fletter Ein dag eg og Frode sat i parken og venta på brøddama -som forsynte halve landsbyen med brød kvar ettermiddag klokka fire -kom det nokre småjenter bort til oss. Først kikka dei på oss men etterkvart vart dei motigare. Snart kjende eg ei lita hand i håret mitt. Dei var heilt betatt av kor glatt det var. Lenge lenge sat dei og fletta, snurra og strauk gjennom det.
Dagen etter fekk eg skikkelege afrofletter - i den grad det er mogeleg i norske fjon. Dama som passa vasskrana i byen sette i gong, med slik iver og krefter at eg trudde ho skulle rive av meg hud og hår på toppen. Snart sat eg der, med hovudet fullt av fletter, perler i endane og ganske nøgd. Og prisen? 15 norske kroner.
Santiago Etter nokre dagar på øya Sal, sette vi kursen mot Santiago -som er hovudøya på Cabo Verde. Turen tok om lag eit døger og blei eit kjempeløft. Kvalmen hadde gløymt meg og eg nytte kvart sekund utan det dårlege selskapet. Nattevakta blei tilbragt på rygg der eg myste opp mot stjernehimmelen. For å understreke at eg var sjefen, gumsa eg i meg ei plate med sjokolade og var tøffare enn toget. Dette kunne eg venne meg til.
Tidleg om morgonen kasta vi ankeret og gliste nøgd. For første gang sidan Madeira såg vi høge fjell og grøne sletter. På land skimta vi ei nydeleg palmestrand, bak oss flotte korallrev. Endeleg, det er dette vi har drøymd om. Med 27°c i vatnet, snorkel og symjeføter er det godt å vere på tur. Fiskar i alle fargar symjer under oss og ignorerer Frode med harpun og jaktinstinkt. Det vart fisk til middag og vi var godt nøgde.
Etter nokre dagar til her, set vi kursen mot Brasil. Der kjem Bjørg (mor til Frode, og Asbjørn sin betre(?) halvdel) og skal feire jul saman med oss i Fortaleza. Der skal vi legge båten vår i bevæpna hamn. Kor ille det enn høyrast ut, ligg i alle fall båten vår trygt der -og vi kan reise rundt i landet nokre veker…. Ryktene seier at det ventar hotellopphald på oss…
Helsing Frode, Marit og Asbjørn |
|
|