|
|
|
Reisebrev 13: Fortaleza og Djeveløya, 30.01.04 - 21.02.04 |
|
|
Skrevet av Marit
|
|
Monday 23. February 2004 |
"Dette er en vise om den stakkars mann", surrar det i hovudet mitt. Eg revar forseglet og gispar i det ein ny salt dusj trenger seg inn i den samansnurra hetta mi. Vi er på veg frå Brasil til Fransk Guyana. Bølgene er store, det bles liten kuling, men hei kor det går. I to knops medstraum surfar Petrell oppover kysten. Seks veker i Fortaleza var langt meir enn det vi hadde planlagt. Vi er glade for å vere på havet att. "Som var så uheldig som det kan gå an..", syng eg vidare og tenker tilbake på dei siste vekene i Fortaleza. Vekene der det meste gjekk i stå for Petrellane.
Etter ein månad med besøk, solskinn og strandliv, kjem røynda snikande. Gode dagar på hotell med middag på restaurant gjer sitt rundt midja -og på evna til å bryte opp og segle vidare. Regntida tar til for fullt (eg har lova meg sjølv å aldri meir klage over duskregnet i Bergen) og med den lite vind -frå gal retning. Vi brukar dagane til å gjere oss klare. Det skulle ikkje vise seg å vere så enkelt…
Kvar dag stikk vi nasen ut. Kan vi reise i deg mon tro? Nei, vinden er frå gal retning. Kanskje i morgon? Vi er tre båtar som gjer oss klare til å reise saman. Då dagen er der, meiner vi at vinden er for dårleg og vi bestemmer oss for å vente til neste morgon. I god tru sit vi i cockpiten og nyter Toro blomkålssuppe og lyttar på regnet som trommar på soltaket. Mett og god balanserer eg med eit fat i kvar hand ned trappa i båten.
Brått står tida still og rasar på same tid. Foten min sit fast mellom to trappetrinn. Sjølv ligg eg på dørken, uten mulighet til å reise meg opp og ta foten tilbake. Det kan ikkje ha gått heilt lydlaust føre seg, for på sekundet er Frode på plass for å trekke meg oppatt. "Eg blei så redd", snufsar eg. I same augeblikk ser eg at draumen om å endeleg reise glapp, og eg må le. Eg ser blod på golvet og det viser seg at Frode har fått eit kutt i foten. På vegen har han knust eit glas, skore seg i foten og er dermed like handikappa som meg. Snart ligg begge med foten i været.
Endeleg kastar vi linene. Sola skin og vi er glade for å vere tilbake der vi skal vere. Men vil godveret vare? Nei. Snart kjem regnveret att, mørka skyer dekker himmelen, straumen går ein veg, bølgene ein annan. Vi har 35 knop midt på nasen. Dette sa vermeldinga ikkje noko om. Det går halvannan dag. Baugen er meir under vatn enn over. På dørken flyt vatnet. Petrell vert kasta hit og dit. Skåpa opnar seg og ut dett brusboksar som vi sirleg har stua på plass. I fallet eksploderar dei og snart har vi ein liten innsjø av saltvatn, cola og iste på dørken. Det var jo ikkje sånn det skulle bli. Vi har ei veke føre oss, og slik båten ser ut, freistar det lite å fortsetje. Skipperen tar ei keisam men godt motteke avgjersle. Vi snur. Snart har vi vind og straum med oss, og vi susar tilbake til havna på halve tida.
Etter å ha hengt Petrellen på tørk i nokre dagar, freistar vi lukka att. Vi står opp og anar fred og ingen fare. Men kvar er ankeret blitt av? Ein stad nede i det gjørmete havnebassenget ligg ankeret vårt. Frode set seg i jolla og fristar å fiske oppatt ankeret, men utan hell. Det vi har minst lyst til er å dykke ned etter det, men det viser seg at ikkje alle ser det som eit problem. Ein av dei lokale "båtgutta" (som polerer båtane til kaksane i havna) kastar seg i sjøen og snart er ankeret oppe att. Vi må smile. Har skjebnen gjort seg ferdig med sprella sine no? Kan vi reise?
Denne gongen er vêret meir velvillig med oss. Bølgene slår innover dekk, sjøen spylar oss, men vi har vinden med oss og vi er på rett veg. Åtte dagar føre oss ligg Djeveløya. Vi får god seilas. Storsegler er teke ned. Alt vi har er ein flik av forseglet og vi susar avgarde.
Innseglinga til Djeveløya byr på store tidevatnbølger. Det er ikkje meir enn om lag 20 meter djupt, så sjøen vert fort krapp. Vi ser med skrekk og gru på å kaste ankeret i desse bølgene, men bestemmer oss for å segle vidare og sjå korleis det ser ut på ankringsplassen. Vi trong ikkje bekymre oss. Snart ligg Petrellen med ankeret i botn og speglar seg i paddeflat sjø -omringa av grøne kokospalmar på alle kantar. Det er ikkje fritt for at skuta har blitt våt etter turen. Første dagen går med til å tørke madrasser, dollarsetlar og mugg frå veggane…
Øya er full av ruinar etter tida då øya blei brukt som transitthamn før franskmennen kom til fastland. Dei grufulle historiene kring fengselet pregar ôg den grøne perla. I slike omgivelser er det vanskeleleg å føretille seg at mennesker har lidd i fangenskap i årevis. Dei siste fangane forlot øya så seint som i 1952, og gjer det heile endå meir ufatteleg.
Den som kanskje har gjort fengselslivet på "Djeveløya" mest kjent, er legenden Papillon. Mange har lese boka Papillon, men aldri vitja øya. Vi gjorde det motsatte. Midt i glansen av å vere unike på det området, angrar vi litt på at boka ikkje stod på ønskelista vi sendte Norli. Papillon skulle vise seg å vere ein løgnar og ein bedragar som gjorde suksess av andre si liding. Historia han skreiv bygger på skrekkhistorier opplevd av andre fangar langt tilbake i tid. Han hevdar ôg å ha rømt frå Djeveløya. Riktignok rømte han, men det var frå fastland, etter å ha begått eit mord. Ein liten luring han der… Så kan ein velge sjølv kva ein vil tru.
Ellers har øya eit utrulig dyreliv. Etter ein rundtur på øya, møtte vi høner, påfuglar, papegøyer, apekattar og nokre snåle dyr vi døypte "kokosrotter". Kokosrottene er på størrelse med ein katt, har andlet som ei rotte og kropp som ei kokosnøtt -som for øvrig er livretten til desse dyra. Dei fekk nok ikkje velge på øverste hylle då Gud delte ut kropp og framtoning, men fekk det att då dei fekk denne øya å bu på. Her er det godt å vere. Saman med nokre andre seglarar, hadde vi kjeks og kokosnøtt-lunsj på stranda. Då kjenner vi at livet er godt!
Om kvelden sit eg og Frode i cockpiten. Vi strekker oss ut på kvar vår benk og mumsar heimelaga pizza. Det er ok å ligge i ro etter å ha blitt kasta hit og dit i dagevis. Vi snakkar om kor vi skal reise neste gang, om hjortegryte i Stordalen, om campingbil, om Nora og Ulrikke. I skogen høyrer vi påfuglane klynke. Ruskevêret er gløymd og snart sovnar vi.
På Trinidad sit det ein kar og ventar. Han heiter Jonny og har reist rundt i Europa på motorsykkel i eit halvt år. No skal han mønstre på Petrell, og freiste lukka som sjømann. Det går dagar og veker. Kvar vert dei av? Ein vakker dag møter han to sveitte siglarar på innsjekkingskontoret på Trinidad. Han ser dei slitte kleda, dei solsvidde andleta, kjenner intense kroppslukter og skjønar straks at Petrell har ankome Karibien. No er det tid for båtpuss og karneval!
Helsing Marit og Frode! |
|
|