|
|
|
|
|
|
Skrevet av Marit
|
|
Wednesday 17. March 2004 |
|
Karneval Heilt sidan vi kasta linene i land på Trinidad, var karneval eit heitt tema. Skal de vere her på karnevalet? Første gongen? På "Trini-engelsk" fekk vi vete kva band som var det beste og kva karnevalsdagar det var viktig å få med seg.
På Trinidad er karneval stort. Det er 17. mai, musikkfestival, russefeiring og gey-parade på ein og same dag -i fire døger. For 3000 norske kroner kan du vere med i eit av dei beste banda. Du får kostyme, fri rompunsj og du får danse til bandets eigen diskoteklastebil eller socabil. "Look da band come in", ljomar det frå høgtalarane. I eit år har artistar freista å lage den store karnevalshiten, den beste socalåten. Like lenge har designarar freista å lage karnevalets beste drakt. Med langturseglarbudsjettet vårt, vel vi å kikke på banda -i denne omgongen.
Overalt glitrar det i frekke kostymer, det blenkjer i falske augevippar og musikken dunkar utan stans. Kvar du festar blikket, ser du dansande kroppar. Stor rumpe gjev betre sving i dansen. Her sit hoftene laust. Eg skjønar straks at hoftene mine manglar både ledd og rytme, men hiv meg i dansen likavel.
Gjørmekrig på morgonkvisten Karnevalet vert innleia natt til mandag. Folket samlar seg klokka fire på morgonkvisten. Nokre etter å ha festa heile natta. Andre etter nokre timar på puta. Dette er "jouvet-natta", eller gjørmekrig om du vil. I ein kjempeparade gjennom byen vert folk tilgrisa med maling og gjørme. Nokon har med seg gjørme på flasker. Andre tok likegodt med seg badekaret.
Her er det ikkje forskjell på rik og fattig, svart og kvit. Tilgrist i gjørme frå topp til tå, er vi alle like. Alt er lov, og alt er moro denne natta. Håret heng i brune tjafsar, huden er stiv av gjørme. Snart kjenner du noko kaldt renne nedover ryggen din. Ein ny dose med gjørme. Du snur deg og ser inn i eit gjørmeansikt. Snart sprekk andletet i eit kvitt smil. Du smilar attende og svarar med same mynt. Slik held vi det gåande i timevis.
Vel tilbake til båten, sovnar vi på bryggekanten. Trøytte, medtatte og med eit flir om munnen. For ei stakka stund var vi fleire år tilbake i tid. Vi var ungar att. Regelen var ingen regel. Denne leiken burde vore obligatorisk.
Trinidad hadde anna å by på enn karneval. Vi fekk blant anna ein flott tur inn i jungelen der vi fekk bade i ein liten lagune. Vi fekk vandre gjennom elvar, nyte jungelens skugge og nyte synet av viltvoksande orkidear. Ellers vil den vidkjende "Tjej-kvelden" stå som eit sterkt minne frå Trinidad. Som kjent, er det ikkje på langt nær så mange jenter som gutar ute og seglar. På Trinidad blei vi ein liten gjeng som ville nytte høvet til å borde Petrellen. Gutta boys blei sendt ut på grillfest og skuta var vår. Akk så lenge.
Det byrja å bli seint, dei fleste mannabein hadde forlatt guttefesten og Frode og Jonny rusla heimover til Petrellen for å legge seg. Men… Skuta var full… sakte men sikkert hadde gutane forlatt sin eigen fest og entra Petrellen. Forståeleg nok. Kva er vel ein fest når alle jentene er samla ein anna stad? Kort fortalt, det blei ei lang og folksom natt i Petrellen.
Trass alt vil Trinidad, for oss, stå som eit praktisk stopp for å vedlikehalde skuta. Marinaen har gunstige prisar. Dagane og pengane gjekk stort sett bort i bunnstoff og polering. Til og med ein SSB-radio flytta inn til oss, og trua med å overta rolla til kapteinsfrua. Trass litt sjalusi i byrjinga, har radioen mykje godt med seg. Vi fekk blant anna kontakt med "Biscayafamilien" som vi ikkje har snakka med på månadsvis. Snart kunne vi preike med både malinda og Finale. Ellers kjem vêrkarta tikkende inn på PC-skjermen vår kvar morgon. Utrulig kjekt når vi skal i Stillehavet og det vert lenge mellom internettbesøka. No skulle vi vere godt rusta for den vidare ferda.
På veg mot Panama Etter å ha lagt i tet gjennom heile Europa, var vi brått vorte siste båt i følget. Planen om å reise gjennom Panamakanalen i februar gjekk litt i vasken for oss. Vi kjende oss som Askeladden. "Eg fann, eg fann"… På vegen var det litt for mange flotte perler vi ikkje greidde å reise frå. Vi måtte setje hardt mot hardt. Den strenge kapteinen ombord gav oss nokre få stopp på veg frå Trinidad til Panama.
Første stopp var Chacachacare. Dette er ei øy nokre få mil vest for Trinidad, som vart nytta som sykehus og karantenestad for dei spedalske i området. På 70-talet vart staden brått forlatt utan at nokon veit den eigentlege årsaka. Nesten som eit spøkelse ligg øya der. Sykehuset, doktorbustaden og huset til nonnene står urørte. Alt ligg som det gjorde for 30 år sidan; senger, legejournalar og skulebøker. Det gjekk kaldt nedover ryggen på oss då vi gjekk mellom husa. På Chacachacare fekk vi og vitjing av Mike og Lucy i den britiske båten Tulachien II. Snart låg vi der, to båtar tett i tett.
Etter gode dagar her går turen vidare mot Panama. I Venezuela lever vi godt av fisk vi får av fiskarane. På Bonaire ligg krystallklart vatn og ventar på oss. Vi spenner på oss symjeføtene og dykkarmaska. Vi duppar hovudet under vatn og det kjennast som å sveve. Ja, dette kan vi jo vende oss til…
Helsing Marit og Frode! |
|
|