Reisebrev 15: Panama, 11.03. - 26.04.04 Skriv ut
Skrevet av Marit   
Saturday 01. May 2004
"Eg vil reise til Panama"

Tidleg ein morgon vaknar den vesle bjørnen og må vekke den vesle tigeren med det same. "Eg vil reise til Panama", seier den vesle bjørnen til den vesle tigeren. Den vesle tigeren smakar på orda "P-a-n-a-m-a". Åh, det høyrast flott ut, seier den vesle tigeren til den vesle bjørnen. Så dreg dei til Panama…

Som ivrig barne-TV tilskodar på det glade 80-tal, var dette mitt første møte med det forgjetta land. Med store auge såg eg den vesle tigeren og den vesle bjørnen legge av stad med matskreppa over skuldra. Det einaste eg skjøna, var at Panama måtte vere ein god plass, og at det måtte vere frykteleg langt borte…

Monster på kroken

Turen frå Bonaire til Panama er reine plankekjøringa. Vi heiser segl, som vert fylde med gode vindar med det same. Vi kastar ut fiskesnøret, meir som ei symbolsk handling enn i trua på at det skal nappe. Om sant skal seiast er det ikkje kvardagskost med fersk fisk om bord i Petrell… Jonny flirer litt av fiskeutstyret om bord. "Ska' dokkar fange hval, ellar?", humrar han og ser på kroken vår. Ja, kanskje det…

Vi lener oss attende, nyter sola og ….ooops, vi har napp! Det kviner i snella i det ruggen på kroken viser krefter. Etter ein halv time, må fisken gje opp. Vi er tre mot ein. På veg mot båten skallar han hovudet i vindroret og hugsar nok ikkje stort meir av sitt liv som fisk. Det er ellevill ekstase i Petrell. Ein dorado på 1.30 meter ligg i sitjebrunnen. Vi er stolte som hanar. Snart putrar saftige fiskefiletar på panna. Bergensk fiskesuppe får eit lite oppkok og det er fest om bord.

Etter seks døger på havet, tar San Blas godt i mot oss med kvite strender og duvande palmar. Vi kastar ankeret, og deretter oss sjølve, ut i klare 31°c. Nøgde klyv vi om bord att.

Indianarar i uthulte kanoar

Det går ikkje lange stunda før det dunkar i skutesida. Vi kikkar ut og får auge på tre indianarkoner. Dei har padla ut til oss i sine uthulte trestammar. Kleda deira er broderte i alle regnbogens fargar, langs naseryggen snirklar det seg ei tatovering, og gjennom nasen heng det ein gullring. Med seg i kanoen har dei smykker og broderier (molaer) som dei vil selge oss. På min (ut)flytande spansk, forklarar eg at sakene deira er veldig fine, men at eg vil vente litt før eg kjøper.

Første gong eg såg dei berømte broderia frå San Blas, var i ein båt i Portugal. Vi var om bord i ein båt som hadde vore på desse øyene for fleire år sidan (på deira 3. jordomsegling…). Allereie då bestemte eg meg for å kjøpe fleire molaer når vi ein gong skulle kome så langt som til Panama. Det gjekk ikkje mange dagene før eg var stolt eigar av fire flotte broderi som eg danderte rundt i cabinen.

Smak av honning

Saman med norske Solid og svenske Equity siglar vi frå øy til øy i nesten to veker. Etter nokre timar på sjøen, er vi i eit nytt lite paradis. Langt frå sivilisasjon og båtbutikkar, var det eit herleg avbrekk i den vanlege "mekketralten" så mange seglarar hamnar i. Vi er intet unntak. Vi har erfart av store delar av ei jordomsigling, handlar om å mekke båt på eksotiske stader. Men heldigvis mykje anna -og det er heldigvis det vi hugsar.

Endeleg kan vi bruke dagane til beachvolleyball, snorkling og fiske. Alt det som høyrer til den opprinnelege planen vår. Med maske og symjeføter får vi ta del i ei heilt anna verd der nede på havbotnen. Nydelege korallar, store rokker. Til og med hai får vi sjå. Den er to meter lang, heiter nurse-shark, er totalt ufarleg og ligg og søv under ein stein. Axel dykkar ned og dreg han i halen. Vi ventar spent på reaksjonen, men haien glir søvnig bort. Der det er litt for djupt for oss inntrengar, søker han atter ro og fred.

Når slitsomme dagar er på hell, samlar vi oss på ei lita øy, kikkar på månen, tenner i grillen og deler dagens fangst av fisk og hummar… "Det er hva jeg kaller en smak av honning"

Panamakanalen

Etter veker i roleg tempo, kallar røynda på oss att. Det er på tide å bevege seg mot eit av turens viktigste delmål. Panamakanalen ligg og ventar på Petrellen -og Petrellen sviktar ikkje.

Colon er byen der vordande båtar ventar på å kome gjennom kanalen. I marinaen går historiene som eld i tørt gras, eller som historier blant siglarar. Nokre heng seg på ein testtur gjennom kanalen før ein vågar ta sin eigen båt gjennom. Nokre fortel om pilotar som ikkje likar maten om bord, og som forlater skuta midt i kanalen. Andre fortel om båtar som er blitt drege avgarde av den sterke straumen , liner som ryk og om store bøter som ventar av ulike årsaker. Alt etter kva kanalsjefen vel å ta seg betalt for. Det vert kviskra og tiska rundt borda på kafêen, skipparar vaknar sveitte etter skramande opplevingar i draumeland. Snart er det Petrell sin tur. Og kva skjer?

Ingenting. Absolutt ingenting. Alt går som smurt. Fire om morgonen er mannskapet om bord. Ein time seinare er piloten på plass. Alle er hyggelege frå byrjing til slutt, og vert verande om bord gjennom heile overfarten. Vi vert taua saman med to andre båtar, noko som resulterer i at det er pent lite å gjere om bord på Petrell. Vi drikk kaffi, tek bilete og ventar på at nabobåten skal gjere jobben sin. Ingen liner ryker. Ikkje ein gong ein lita bot. Litt forfjamsa duppar vi ut i Stillehavet...

Vi må legge til at vår venn Jonny, fotograf og dekksgut, har tatt på seg ryggsekken og reist nordover i Sentral Amerika. Vi ynskjer deg god tur vidare! (Så får vi sjå om vi finn att vårt eige fotoapparat ein stad… )

Helsing Marit og Frode!
 
< Forrige   Neste >