Reisebrev 17: Marquesas, 23.05. - 01.07.04 Skriv ut
Skrevet av Marit   
Wednesday 07. July 2004

Den lange vegen til Fransk Polynesia

Vi stod snart framføre det lengste strekket på ei jordomsegling. 3000 sjømil frå Galapagos til Fransk Polynesia. Kor mykje er eigentleg 3000 sjømil? Tur-retur Bergen - Shetland ni gongar, tre veker på havet, 200 timar nattevakt kvar, 7 dorullar (maks tre tørk), 10 bøker… Litt etter litt byrjar vi å danne eit perspektiv på kva som ligg føre oss.

Ua_Pou__17_-_260604_001.jpgVi kjøper ei klase bananer (200 bananer burde holde?), finn fram "teach yourself French", pustar djupt og legg i veg. Det gjekk ikkje mange dagane før vi skjøna at 3000 sjømil i Stillehavet ikkje stiller i same klasse som 3000 sjømil i Nordsjøen. Vinden pustar oss i nakken, sola skin på snuten og segla får stå meir eller mindre urørt i tre veker. Visst er det lange dagar, visst kan nattevaktene vere dryge. Vi får tre timar søvn før vi må opp att, kjøkkenet gyngar, eit segl rivnar… Vi er på veg mot det venlege folket i vest, blomekransar og palmesus. Aldri har vi vore nærare. Petrell rasar avgarde med baugen i sky. 150 sjømil i døgeret er slett ikkje dårleg. Ho brer ut vengene sine og let seg drive av garde.

Nuku Hiva
Første stopp er Nuku Hiva. Dette er den største av øyene på Marquesas. I god gamal stil seglar vi inn i bukta tre timar etter solnedgang. Suedama er allereie på plass og kan vere augene våre. Dei står på dekk med lyskastar og viser veg. Vi slepp ankeret, og kryp til køys.

Ein av båtane på ankringsplassen skiller seg litt ut i forhold til oss andre. Båten heiter Red Dragon, er fire gongar så lang som Petrell, tre gongar så høg, og har eit budsjett som liknar meir på ei utømmeleg skattekiste enn eit langturbudsjett. I kjent stil, går gode historier som eld i tørt gras mellom seglarar. Snart får vi høyre at Red Dragon inviterer alle båtar i hamna på tradisjonell Marquesas fest.

Pig Dance
Fredag kveld ruslar alt som kan krype og gå frå om lag 40 båtar opp mot øya sitt festlokale. Vi vert mottekne med blomekransar, levande musikk, fri bar og eit bugnande koldtbord. Lukter og smakar er intense og ulikt alt anna vi har kjend før. På koldtbordet ligg det geitehovud, kokte bananer, rå fisk i kokosmelk, brødfrukt og mykje anna som vi ikkje klarte å identifisere. Smakslaukane fekk noko å bryne seg på denne kvelden.

Når maten er ferdig, vert dansegolvet rydda. Det er tid for den tradisjonelle grise-dansen. Ti flotte menn stiller seg opp. Dei har palmeblader i det lange svarte håret og rundt hoftene. Tradisjonelle tatoveringar dekker der sterke overkroppane. Brei beinstilling, overkroppen bøygd framover, dei slår seg på låra og brøler. Snart følger trommene på. Dei er høge og består av hule tømmerstokkar dekte av geiteskinn. "Hia 'hoa", brøler mennene og gjev seg hen i ein dans som er så full av testosteron at den ville fått Scwartsnegger til å slite seg i flettene.

Dansegolvet vert snart fullsatt. Eg treng vel ikkje utbrodere korleis stive nordmenn tok seg ut på dansegolvet? Moro var det lell. Det vart mange nye danstrinn og tidleg morgon før vi kom oss heim.

Daniel's Bay og nono

Naturen på Marquesas er overveldande. Fjelltoppar som ser ut som skarpe ståande istappar trenger seg opp av havet. Bratte fjellsider stuper i havet. Den dramatiske naturen får meg til å tenke på filmane "Jurrasic Park" og "Ringenes Herre". Mellom høge fjell ligg Daniel's Bay. Ei lita perle, som dessverre er blitt øydelagt av bitte små hissige mygg, som i mangel på brodd, biter hol i huda; den berykta nonoen. Her i Daniel's Bay renn ei elv ut i havet, og her bur Marquesas__14-170604_011.jpgDaniel. Han er 77 år og forventer å leve til han er minst 777. Han lagar tradsjonelle tikiar (figurar) i tre og er sjef over ferskvatnet som kjem frå fossen oppe i dalen. Langs floden står banantrea hans, lime-trea og den vesle utandørs kyrkja. "Dette er eit lite paradis", seier eg og nyter synet av trea som henger over floden. "Nei," seier han tilbake. "Eg trur ikkje det er nono Paradis…"

Saman med den svenske båten Equity og dansk-australske Suedama går vi ein dag opp til fossen til Daniel. Gjennom vill natur kryp, klatrar og vassar vi i to timar. Snart heng fossen der. 350 meter der oppe stupar vatnet ned i ein stor kulp. Bratte fjell på alle kantar gjer at vi kjenner oss som små maur. Vi kastar av oss kleda og stuper ut i det avkjølande vatnet, kroppar som ikkje har sett så store mengder ferskvatn på eit heilt år.

Den vesle øya med det store hjertet

Frå Nuku Hiva går turen vidare til Ua Pou. Ua Pou er mindre, og har klart motstå mykje av den moderniseringa som har foregått på Nuku Hiva. Ein dag vi er oppe i landbyen, møter vi franske Mari. Ho kom til Marquesas for fem år sidan. Ho var 24 år og ville sjå verda. Då ho kom til Ua Pou, forelska ho seg, både i staden og i han som seinare skulle verte mannen hennar. Ho flytta inn saman med mannen og foreldra hans, ho lærte seg språket og fekk seg jobb som engelsklærar.

For eit år sidan døydde mannen hennar. Han vart gravlagd i fjellet. Kvar dag går ho opp dit og legg friske blomar på grava hans. Mari klarar ikkje å forlate Ua Pou. Kroppen hennar er pryda av tradisjonelle tatoveringar, ho har tahitiblomen i håret, elskar rå fisk og har for lengst lagt frå seg vanen å ete med kniv og gaffel. No bur ho saman med svigerfaren sin, er engelsklærar på skulen samt for ei gruppe menn som ynskjer å verte guidar på Marquesas.

Mari tar oss med så vi kan møte "klassen" hennar. 15 menn i alderen 20 til 40 år frå alle øyene på Marquesas. Dei er meir enn viljuge til å vise oss rundt på øya. Dei trekk fram trommene sine, dansar og syng for oss. "Grisedansen" vert ein schläger. Ein kveld vert vi invitert med på matlagingskurs. Her får vi lære kokosnøtta sine mange løyndomar (første steg, er å opne dei…), tilbereding av rå fisk, koking av bananer, brødfrukt og mykje anna.

Marquesas__14-170604_075.jpgVi vert betre kjend med Moana (som tyder hav), som bur på Ua Pou. Han inviterer oss med hit og dit på øya. Han leier ei dansegruppe, og vi får vere med på øving og deretter med heim for å helse på familien hans. Halve kroppen hans er dekt av tatoveringar som han har teikna sjølv. Eg og Frode vekslar blikk… Ei tatovering høyrer vel med til sjømannslivet? Vi har lagt bak oss eit år på havet, og kjende oss verdige eit varig minne frå Ua Pou. Som sagt så gjort.

Moana trekker fram ein trebenk i hagen og finn fram tatoveringsutstyret… Eg og Frode vekslar blikk nok ein gong, litt meir betenkt denne gongen. Moana finn fram ei gamal barbermaskin med ekstern batterihaldar, surrar ei synål fast med gummistrikk og dyppar den i blekk… "Er de klare?", spør han bak svarte krøllar. "Eh…ja…", smilar vi tappert. Rundt oss leikar ungar, ein nysgjerrig hund kjem og snusar, nokon spelar tromme, og vi får servert koksonøtter.

To timar seinare har Frode fått symbolet til Kau'kenha bak på leggen. Kau'kenha er namnet på ein legende om helten frå havet, og det kan vel vere ein skippar verdig? Eg velger meg ei fjør frå ein tropisk fugl, ein To'thaki nede på foten. For alltid skal vi hugse denne kvelden, Moana, lukta av kokos, trommene og sangen.

hilsen Frode og Marit
 
< Forrige   Neste >