Reisebrev 21: Whangarei, New Zealand, februar og mars, 2005 Skriv ut
Skrevet av Marit   
Wednesday 06. April 2005
I løpestreng mellom Petrell og båtbutikken

Det har gått ein månad sidan ”Team Petrell” blei gjenforent i New Zealand. Vi ser ein ende på både arbeidstimar og pengar og kjenner det er på tide å kome på sjøen att.

3-frode-og-motoren.jpg Det største prosjektet denne gongen var å skifte motor. Den gamle var 25 år (som om det er noko alder?), og gledar seg til ei roleg pensjonisttid i fjordane i New Zealand. Vi har snakka med den nye eigaren, og forsikra oss om at han er ein grei kar. Den nye motoren er litt lettare, litt sterkare og malar stille og nøgd. Vi ser fram til å sove utan øreproppar…

Andre prosjekt har vore å pusse ned interiøret, lakke, bunnsmøre, justere styringa, sette i ny takluke, vaske, sy (ja, vi har kjøpt symaskin), sortere, leite, finne og ikkje finne.

Å leve om bord i båt på land, er langt frå det same som vere på sjøen. Vi må klatre i stige for å kome om bord, alt vi vanlegvis kastar over bord, må i bosset i staden, og doen kan ikkje brukast (noko som er interessant når ein vaknar 3 om morgonen og næraste do er 200 meter unna….).

Sjølv om vi til no har gått i løpestreng mellom Petrell, grillen og båtbutikken, veit vi at New Zealand har meir å by på. Forrige veke fekk vi erfare at landet blant anna er fullt av oppoverbakkar – og heldigvis nedoverbakkar.

Sykkeltur og sportsfiske

Vi pakka soveposar og telt i avskårne vannkanner og skrudde på syklane. Deretter tråkka vi avgarde. Første dagen slo vi opp teltet i hagen til ein venn frå marinaen. Hagen bugna av tomatar, druer, fersken og mykje anna som er søtt og veks på tre og som vi ikkje kan namnet på. Deretter venta gode dagar med fjellturar, strandliv, såre rumper og skjelvande lårmusklar.

Ellers har vi fått vere med på seriøs sportsfiske. Karl (som jobbar i marinaen) og kameraten Steven ville gjerne vise oss korleis ein skal få fisk i 200 kg klassen. Målet var ein feit tunfisk eller sverdfisk. Vi åtvara dei før vi sette ut, at det å ta oss med på fisketur, gjerne ikkje ville bringe fiskelykke. Ikkje sånn direkte.

6-solskinn-og-vannmelon.jpg Tidleg ein laurdagsmorgon la vi ut. Sola skein, sjøen var flat og sju fiskestenger peikte ut frå båten. Dette lova bra. Vi fekk lære om korleis sluken (som er på størrelse med ein god torsk) skulle sprette i vatnet, om ”lokke-anda”, og korleis vi skulle mobilisere krefter for å få opp storfangsten. Det blei med teorien. Etter ti timar la vi til kai, solbrente og nøgde men utan fisk.

Neste veke skal vi leige bil og farte litt rundt her på Nord-øya. Planen er å besøke seglarvener som har båten sin i andre hamner, gå på båtutstilling i Auckland (Frode kunne ikkje få ei betre bursdagsgåve) og teste capuccinoen i Wellington. Mangel på pengar og tid, gjer at vi sparar Sør-øya til neste gong vi er i New Zealand – for vi vil tilbake ein gong.

hilsen Frode og Marit
 
< Forrige   Neste >