Reisebrev 33 Karibien til Azorene til Irland Skriv ut
Skrevet av Marit   
mandag 02. juli 2007

Still crazy after all these yearsPå heimveg

I botnen på ein fjordarm
Inne i ein svart prikk
På kartet
Ventar nokon på deg

Båten din nærmar seg nå
Og du må nok krøkja deg
Endå litt meir saman
For kvar dagen
Skal du rekka
Å bli liten nok
Til å sleppa inn
I prikken
(Ingvar Moe)
 
Se bildene her!

Eg krøkjar meg saman i senga og havnar nedi dumpen mellom madrassa og letrekket. Vi seglar på styrbord halsar og alt heng sidelengs. Her nede ser det ut som båten er bein, medan alt som heng, vikar til sida på merkeleg vis. Hjarta eg fekk av Grethe til jul til dømes. Dei heng i taket, og heng 20 grader skeiv i forhold til masta.
 

Vi har hatt motvind siste vekene. At 2200 mil kunne vere så lange, kunne eg ikkje forestille meg. Kvar kveld snakkar eg med værguruen ”Herb” på radioen, og får nye posisjonar å sikte på. Gå nord. Gå vest. Ligg stille. Gå vest. Gå vest?


I det vi trur Azorene er innan rekkevidde, får vi melding om at det ligg eit lågtrykk over Azorene og samlar krefter. Snart vil det bygge seg opp til storm med orkan styrke. Engsteleg og trøtt, fortel eg Herb at vi ikkje rekk fram før stormen. Gå vestover, seier han. Neste dag får vi gladmeldinga. ”De er i eit trygt område no, og kan forvente sol og 15 knops vind”. Eg slår trommesolo på kartbordet og skrattar mot månen. 


Petrell vil ikkje i revers


Vi ankommer Azorene i tjukk tåke og regn. Vi veit det ikkje er langt til land, men alt vi kan skimte, er ei smal kysstripe under dimma. Vel innanfor moloen, dukkar eine masta etter den andre opp. Her er det trangt om saligheita. Vi bestemmer oss for å legge oss inntil ein SuperMaramu på innsjekkingsbrygga. Bra kurs, bare litt revers no, så er vi der… men Petrell går ikkje i revers!


Det ristar, brummar og skrapar og panikken brer seg om bord. Eg spring fram og gjer ankeret klart, medan Frode får tak i ein lokal fiskebåt som passerer. Snart vert vi taua elegant på plass. Vi ser for oss verste scenario. Er propellen øydelagt? Kanskje manglar eit blad? Etter ein kjapp dukkert, kjem Frode opp med eit flokete tau og eit flir om munnen. Alt ok, vi kan endeleg nyte landkjenning, is, egg og bacon.


Norsk på Azorene


Vi blir godt mottekne av den norske delegasjonen på Azorene. Alle er på heimveg etter ein sesong i Karibien. 10 norske flagg vaiar i vinden, og vi kjenner vi blir varm i hugen. Første kvelden er det grillfest på kaien. Praten går på bergensk, haugsundsk, østlandsk, stavangersk, nordlandsk, ålsk. Det blir ein bra kveld. Vi nyter den kjølige kveldslufta, det å høyre norske stemmer, og kjenner at Noreg ikkje er langt unna.


Azorene er flott. Horta byr på smale gater, gamle fasadar, og koselege kafear. Ei gammal kone med smil og forkle, serverer oss ferske bollar og kaffi. Vi et middag på Peters kafe, som er kjent som ein av dei eldste kafeane på Azorene. Det seiast at sjølvaste Joshua Slocum var innom her, på sin tur åleine rundt jorda for over 100 år sidan.


Det er musikkfestival, og åtte norske tommeltottar viftar i retning utescena. Vi får haik med første bil, og krøllar oss saman i pick-upen. Vi rasar gjennom byen, kveldlufta ruskar oss i håret og snart høyrer vi musikken. Det er eit band frå Kapp Verde. Snart kjem sangen eg hadde håpa på, Sodade, som vi høyrde første gang då vi var på Kapp Verde for over tre år sidan. Eg let att auga og smiler. Noko vert avrunda når eg høyrer denne sangen igjen. Sirkelen er på ein måte slutta.


Sjølv om veret ikkje viser seg frå si beste side, tar vi hurtigbåten over sundet til naboøya Pico. Planen er å bestige Pico, det høgaste fjellet i heile Portugal, på over 2300 meter. Tåka ligg tjukk, og vi vert anbefalt å vente til den har letta. Dette skjer ikkje, så vi leiger ein bil i staden, saman med Ingrid og Alexander på ”Seven”. Vi fartar rundt øya, sjekkar ut kaffien på diverse småsjapper, går på kvalmuseet, vitjar ein vingård, før det bærer tilbake til Horta og middag på Peters.


Etter ei veke på Azorene, kjem Eagle Wing og Pamina sigande inn bak moloen. Gjensynsgleda er stor. Vi står klar til å reise mot Irland snart, så det blir gjensynsfest og avskjedsfest i same slengen. Luke og Emma spretter champagnekorken, og diskar opp med deilig biff og pudding, som berre Eagles kan.


Vi har sigla saman i nesten over eit år, jordomseglinga er snart over, og frå no av siglar vi ulike vegar. At vi held kontakten er eg sikker på, likavel veit vi at settingen blir annleis neste gong. Vi er tilbake i kvardagslivet og båtane våre ligg i forskjellige land. Mange gjenforeningar er planlagt allereie, julemarknad i Wien, båtmesse i London, ferie på Korfu. Kanskje annleis kan bli bra likevel?


Plutseleg skal vi vidare


Vervinduet kjem som julekvelden på kona. Planen vår var å ha minst to veker på Azorene, men når veret endeleg blir bra, og fire norske båtar bestemmer seg for å legge ut, heng vi oss på. Det viser deg å vere eit klokt valg. Petrell kosar seg i selskap med båtar på eigen størrelse. I over ei veke seglar vi med alle innan rekkevidde. Vi har nokon å sjabbe med på dagtid, og lanterner å feste blikket på om natta.


Vi var førebudde på å smake steken på denne turen. Den som er med på leken osv… Byrjinga er bra, lette vindar og sol. Vi bestemmer oss for å vere takksame for kvar sjømil vi kan legge bak oss i godt vèr. Då ei veke er godt, og veret fortsatt er bra, er vi nesten redde for å nevne det, som om bobla vil briste, og veret sleppe laus. Men det var ingen grunn til å otte seg. Turen blir alt vi kunne drøyme om.


Vi får selskap av delfinar neste kvar natt. Dei leikar seg rundt båten, viglar opp morilden og ser ut som kvite spøkelser som svingar seg i vatnet. Vi får til og med sjå kval. Først får vi auge på blesten. Vatnet står som ei fontene opp av sjøen. Den kjem nærare og nærare. Brått ser vi ein enorm rygg velte seg opp av vatnet like ved Petrell. Det er heftig.

Ankomst i grålysningen


Siste natta må vi reve ned for å kome inn i dagslys og snart kan vi skimte ledelysa til havna. Gradestokken viser 14 grader, vinden blæs lette 10 knop, stjernene lyser opp den klare himmelen, og dagen byrjar å gry. På babord side, kan vi sjå eit gamalt fort ligge ytterst på ein grøn klippe. På styrbord, eit stort kvitmåla fyrtårn som kastar lange strålar i grålysningen.

Klokka fire sklir vi inn i havna og festar linene i ”Ringhorne” som allereie er på plass.

Tradisjonen tru, lagar vi pannekaker, og ser på dagen som vaknar til liv ikring oss. Vi er i Irland, første land vi har vitje tidlegare på turen vår. Det tyder og enden på lange havstrekk. No er vi der vi skal vere, og det kjennast bra.

 
< Forrige   Neste >