På tampen av Det Indiske Hav, ligg Sør Afrika. Landet der kulturar og hav kolliderer og foreinast. Der grøne sletter møter bratte fjell, og vert avløyst av endelaus ørken og brusande hav. Landet med 11 offisielle språk, tre hovudstader og ein historie som svir i auga og sit fast i halsen. Sør Afrika er òg landet der vesle Petrell fekk smette inn i ein marinabås, medan mannskapet pakka ryggsekken for å ta dette landet i nærare augesyn.
November vert avløyst av adventskalendar, besøk frå Noreg, og rundtur. Foreldra til Frode, Bjørg og Asbjørn, har pakka kofferten med omhu. Dei har med seg lesestoff frå Norli, kålrabistappe frå Toro, og sirupsnippar frå mor. Innimellom alt dette, har dei stua badeklær, ullundertøy, solfaktor og vottar. Sør Afrika byr på kontrastar, og vèret er ikkje noko unntak. Programmet er planlagt til minste detalj, no er det berre å hive seg på karusellen. Gjestane våre trur dei skal på ferie. Så feil kan man ta!
Klikk her for å se noen bilder fra Sør-Afrika
Til fjellandet Lesotho
Første post på programmet, er Drakensberg, som er den 200 kilometer lange fjellkjeden mellom Sør Afrika og nabolandet Lesotho. Vi er 2000 meter over havet, fjellet er mektig, og vi blir bergtatt. Hytta vi skal bu i, er utstyrt med vedovn og ulltepper. Vi har heile fjellheimen som hage og i kofferten ligg fjellskoa og verker etter ein fjelltopp.
Første morgonen skal vi køyre firhjulstrekkar opp Sani Pass, som er ”trollstigen” og ingenmannslandet mellom Sør Afrika og Lesotho. Guiden vår har vakse opp i Lesotho, forgudar naturen, og manøvrere bilen oppover fjellsida med kyndige rørsler. Bjørg knip att augo når utsikten vert for intens. Det er bratt, flott og… flatt.
Når vi når toppen, flatar landskapet ut, trea klarar ikkje å klore seg fast i den magre jorda lenger og det einaste vi ser som bryt med det steinete landskapet, er steinhyttene, sauene og gjetarane. Heile Lesotho ligg på over 1000 m.o.h., temperaturen er lav, og det kan kome snø heile året.
Gjetarane er fattige, og gjer sitt beste for å kle kuld ute med det lille dei har av klede. På beina har dei gummistøvlar, som til tider er så holete at dei kompenserar med å trekke eit ekstra par utanpå. På hovudet har dei finlandshetter i ull, og resten av kroppen er dekka av store tunge ulltepper. Eg kjenner det stikk i samvitet når eg ser bare leggar stikke opp av holete støvlar. Det ser ikkje ut til å plage gjetarane. ”Dumela”, helsar dei i det vi kjem gåande. Vi helsar igjen, men dett fort av lasset når dei pratar vidare. Når dei peikar på meg og på eselet, skjønar eg meir enn eg vil innrømme. Akkurat i tide ser eg for meg eselet, med meg på ryggen, forsvinne over fjella, og inn i solnedgangen. Eg avstår frå tilbodet…
Vi likar oss i Drakensberg. Om morgonen står ein antilope og beitar på bakkane, om natta tordnar det så vi kan kjenne veggane riste. For å ta inn alle inntrykka, skulle vi hatt meir tid, men neste post på programmet ventar. Vi skal på tre dagars bush-camp, og safari i Shlushluwe (uttalast sjlu-sjlu-vi).
På safari til fots
Dagane på Bush Camp får meg til å tenke tilbake på travle maidagar i –92, då 6.klasse ved Leiknes barneskule var på leirskule på Fjordslottet. Opp tidleg på dagen, matpakke, har alle hugsa vannflaske og gode sko? Det er oppmøte kvar morgon klokka seks, og tett program til sola går og myggen kjem.
Vi blir tatt med på safari, først i bil, i båt og siste dagen, til fots. Med kikkert rundt halsen og kamera innan rekkevidde, snik vi oss inn på skapningar eg knapt ante eksisterar. Vi får vete at flodhesten er det farlegaste dyret i Afrika, nest etter malariamyggen, og at giraffen vert nesten 5 meter høg. På turen, klarar vi å kome tett innpå ein flokk med giraffar, 12 stykker, og vi tar av oss hatten.
Vi får òg helse på møkkabiller, som lever opp til navnet ved å bruke livet sitt på å rulle rundt på ein liten og inntørka nashornbæsj. Den rullar dei bortetter medan dei leitar etter make. Når ei kvinne blir sjarmert, set ho seg på, og saman rullar dei inn i solnedgangen. Det endar ikkje der, for no grev mannen hi til dama inni nashornbæsjen, som ho ikkje får forlate før ho har fått ungar, og oppdratt dei.
Pinnekjøtt og juletre
Det nærmar seg jul, og ingenting er overlatt til tilfeldighetene. På førehand har vi leigd hus, bestilt pinnekjøtt hos slaktaren og organisert Toro kålrabistappe frå Noreg, og då skulle vel det meste vere under kontroll? Bortsett frå nokre smådetaljar.
Huset vi skulle flytte inn i, var ikkje ferdig. Vi stod på trappa med kofferten under armen, og vart møtt av arbeidarar som holdt på å fliselegge golvet. Pinnekjøttet vi bestilte hos slaktaren, var skore feil veg, inneholdt ingen endestykker, og var tørka knapt eit døger. Store delar av pinnekjøttet som var frå veg frå Noreg, blei inndratt av tollvesenet.
Med is i magen, kom vi i hus til jul. Dei norske gjestane til La Familia fekk smugla inn nok pinnekjøtt til å mate 9 norske magar, og jula kunne ringast inn. Therese og Yngve tok med seg juletre frå båten, og det blei jul alikavel…
Nyttår blei feira i Cape Town, der vi var ekspressturistar. Kabelbane til Table Mountain, busstur til Kapp det Gode Håp, dagstur til vingårdane, vandretur langs ”The Waterfront”, kaffi på utekafè. Snart skal våre norske gjestar sette seg på flyet, og ta til på den lange reisa heim.
I Petrell ligg det kalendar heimefrå, CD’ar med bilete, brev, norsk musikk og marsipangrisar. Det er godt å ha besøk heimefrå, og vi blir minna på at det er mykje å glede seg til når vi kjem heim. Vi skriv 2007 på kalendaren. Dette er året der vi skal byrje å segle nordover og segle inn byfjorden ein gong på seinsommaren. Først må vi forlate det indiske hav, og vende baugen mot kjente farvatn. Der vest ligg atlanterhavet og ventar på Petrell, og vi er ikkje vanskeleg å bede.
Den ville kysten
Vi pakka saman giraffar, opalhovud og andre nye mannskap, og la ut på havet att. Vi fekk ein god seglas sør til Durban. Der møtte vi igjen Eagle Wing og irks-greske Pamina, og saman la vi ut på ”The Wild Coast”, der vervindauga er trange, og stoppestadene er få. Det blei interessante 48 timar. Motvind, motstraum, lyn, torevèr, medstraum, lite vind, mykje vind, tåke og regn, rikeleg med regn. Vi er klar over at det ikkje stiller i same klasse som 78 dagar med regn i Bergen, men det er nok til å gjere oss våt og kald, og til å lure litt på kven sin idè dette var…
No er vi i East London, kosar oss i godt selskap med Pamina og Eagle Wing, og er klare for neste etappe. Kanskje kan vi smette gjennom eit lite vindauge, og kome oss til Port Elizabeth over helga. I mellomtida ligg vi til kai, lyttar til rottene som trippar over dekk nattestid, digger at Emma lagar soltak til oss, og har det slett ikkje verst.
|