Reisebrev 23: Yasawa-øyane, Fiji, juni - juli 2005 Skriv ut
Reisebrev
Skrevet av Marit   
Sunday 31. July 2005
For stor båt?
Eit lite augeblikk verkar Petrell uhorveleg stor. Det er mest som vi høyrer ekkoet ljome i skutesidene. Men Petrell har ikkje vakse, vi veit såpass. Etter fire veker med fire personar om bord, sit vi brått att aleine og lurar på kva vi skulle gjere med all denne plassen… Kanskje charter hadde vore noko? Lite veit vi om at nettopp det skulle vi få tilbod om nokre veker seinare… (etter eit lite familieråd, blir vi einige om at å ha tre ikkje-engelsk-talande italienarar om bord i ein månad… det kan bli ein lang månad).

Etter ei natt i marina, kastar vi fortøyninga og siglar ut på øyene att. Vi har allereie sett dei fleste stadene, men i eit tempo ingen langturseglar kan vedkjenne seg... No vil vi duppe på same ankringa i dagevis, ta døsige symjetak, ein ettermiddagslur i hengekøya, gjere ingenting og likavel alt det vi er her for å gjere…

Spitfire
Vi set kursen mot ei bukt nord i Yasawa øygruppa. I følge rykta, går det ein sti herfra til ei strand der det styrta eit spitfire fly i 1943. Det kom flygande lavt over palmetrea, mista kontrollen og stupte rett i sjøen. Flygaren kom seg velberga i land, men flyet vart liggande for det var for tungt til å trekkast opp att. Den dag i dag ligg det der, i overraskande god stand, og inviterar til spanande snorkling.

9-det-maa-studerast-paa-naert-hald.jpg I følge med fire andre seglarar, legg vi i veg. Stien går gjennom store sletter med mannshøgt gras, gjennom plantasjar og åkrar til stranda brettar seg ut på andre sida. Her bur det eit eldre ektepar som kan forklare oss kvar vi kan finne flyet. Vi er seks personar som sirklar rundt i bukta, vi delar oss opp, ein hit, ein dit - alt vi finn er ein knekt propell… jaha, så det var det? Vi kretsar rundt propellen ei stund, før vi symjer tilbake. Eg og Frode bestemmer oss for å ta opp att jakta neste dag.

Vi tilbringer kvelden med gitar og keyboard om bord i katamaranen "Island Sonata", der vi tolkar Neil Young og Dylan til langt på natt…

Neste dag dukkar italienske Mai Stracc ("aldri trøytt") opp, og dei er klare for snorkling på flyet. På ny ruslar vi over øya - og denne gongen symjer vi rett på vraket. Kvar var det forrige gong? Nesten ti meter langt ligg det der. Eine vinga er bevart, cockpiten er tydeleg og halepartiet står framleis stolt og ruvar bak på flyet.

Under vatn, vert alt stille. Vi ser for oss korleis dette jagerflyet landa her, panikken hos piloten i det han ser sjøen kome nærare. Har menneske møtt sin skjebne i møte med dette flyet? Det er skremmande og fascinerande på same tid. Flyet har fått ei ny oppgåve. Der husar hundretals med små akvariefisk, korallar og sjøgras. Ein liten gjeng med klovnefiskar kretsar rundt i cockpiten. Det er betre slik.

Landsbyliv
Vi reiser vidare, og endar opp i Sawa-I-Lau og landsbyen Nabukeru med litt under hundre innbyggjarar. Vi tenker at denne gongen skal vi gjere det skikkeleg og tar med oss eit knippe kava i land. Tradisjonen seier at vi skal ta med eit halvt kilo kava til hovdingen for å få løyve til å gå i land. Han skal då stelle i stand ein sevu-sevu seremoni, der vi drikk kava og vert ynskja velkomne i landsbyen.

Hovdingen er ein trill rund gamal mann. Han tar godt i mot oss, men foretrekker visst å drikke kavaen sjølv.

Vi blir kjent med ekteparet Manuell og Vasiti og ungane deira. Saviti er ei frodig dame, både i kropp og sinn. Ho er så stor at ho knapt kan gå. Ho har ôg eit stort hjarte, og tar godt vare på oss. Vasiti samlar saman damene i landsbyen, slik at dei kan vise oss smykka dei lagar og skjell dei har funne på stranda. Kanskje vi kan bytte med noko dei treng? Pengar er dei ikkje så interessert i. Det er lite som kostar pengar på ei stillehavsøy.

26-marit-forhandlar-med-damene-i-landsbyen.jpg Dei lagar kjempeflotte smykke av skjell, frø og anna dei finn på øya. Som dei forståelsesfulle reisande vi er, vil vi gjerne gje dei mat. Vi har hermetikk, ris og kveitemjøl om bord som dei ikkje får tak i her. Men kva skal dei med det? Desse damene har alt dei treng; fisk i havet, kokosnøtter i palmane, cassava-rot i jorda, bananer og papaya. Så med eit lurt smil, og eit skrått blikk på ektemannen, spør dei etter parfyme og neglelakk. Det blir ein morsom seanse med mykje latter og fnising. Damene kjem med små flasker som eg kan fylle med godlukt.

Vi brukar mykje tid i landsbyen. Når folka ser jolla vår, kjem dei springande ned på stranda. "Marri og Fuda!" ropar dei, og hjelper oss i land på stranda. Ei velkjent lukt slår i mot meg når eg møter damene. Parfymen happy sit på mange halsar rundt i landsbyen etter byttehandelen vår. På min hals sit eit handlaga halsband av frø og skjell.

Gjestfrihet, stråhytter og vedkomfyr
I denne landsbyen er dei tradisjonelle stråhyttene framleis i bruk, såkalla bure. Desse vert brukt om dagen, til måltider og avslapping (med andre ord, stort sett heile dagen). Dei søv i betonghus - klok av skade etter utallige orkanar som har råka Fiji. Stråhyttene er høge under taket og innsida er svart av osen frå vedomnen i eine hjørnet. Vi får vete at soten i taket, er med på å gjere taket meir solid og tett.

All matlaging her i landsbyen foregår på levande flammar, anten på ein vedomn laga av ei lita tønne eller i jordomn (lovo). I jordomnen brenn dei bål i eit hol i bakken, dekkar det med lavastein, legg maten oppå desse og dekkar alt med bananblader for å bevare varmen. Det tar tid og vert berre gjort ved spesielle høve. Maten vart baka, og får ein herleg røykesmak. Vi inntar mangt eit ekotisk måltid i stråhytta.

Vi ynskjer gjerne å gjengjelde denne gjestfriheten, og inviterar Vasiti, Manuell og ungane på søndagslunsj om bord i Petrell. Vi startar dagen med gudsteneste klokka ti. Frode får låne ein lava-lava (knelangt skjørt for menn), og vi vert nok ein gong imponert over klokkeklar song. Kvinnene syng ei stemme, borna ei og mennene ei basstemme som durar i trebenkane. Manuell som er klokkar, ynskjer oss velkomne på engelsk. Ellers forgår alt på Fijiansk. Vi skjønar lite, men er gode på å sitje og stå til riktig tid.

Etter kyrkja vert familien til Manuell, samt kyrkjeministeren med ut i båten på lunsj. Brått er det sju personar om bord, svoltne etter ein lang dag (første gudsteneste er klokka fem om morgonen) - og eg sveittar over grytene. Det vert pasta, kassawa, Fiji brød (kasawa pakka i bananblader og kokt i kokosmelk), film for borna, skulebollar, minister-blund på sofaen, sju koppar kaffi, sju glas saft, ein heidundrande oppvask… puh… men så gøy!

På toppen av Fiji
Manuell vil gjerne ta oss med på fjelltur. Han freistar med god mosjon og god utsikt, og vi takkar ja. Om ikkje så høgt, så er det stupbratt, og vi klatrar like mykje som vi går. Manuell seier han ofte går opp hit for å jage villgeitene som høyrer til her - og som overalt har lagt igjen visittkort. Stadig vekk vil han ta pausar - for vår skuld. Vi mistenker han for å ha skrytt på seg nokre geitejakter for mykje. Det går sakte men sikkert mot toppen - og snart får vi løn for strevet.

35-frode-er-noegd-med-aa-ha-naadd-toppen.jpg Visstnok er havet fargerikt på nært hald, men frå toppen av fjellet får fargane verkeleg utfalde seg. Reva stikk opp som lysegrøne sirklar. Djupt hav har ein mørk blå farge. Der det er litt grunnare, er det irrgrønt - nokre stader turkis. Slik sit vi tause, tenker vårt og nyter det mektige synet langt der nede. Og der, midt i eit turkis felt, ser vi ein liten prikk med mast. Det er Petrell. Eit lite augeblikk verkar Petrell uhorveleg liten…

Våre vener på canadiske Traveler dukka opp samt Axel på Freefall, så vi det er vanskeleg å bryte opp… jaja, det er vel det det handlar om, dette, ta dagane som dei kjem!? Det blir gode dagar på Musket Cove. Vi reiser på dagstur på Freefall til dei beste surfebølgene på Fiji. Frode, som investerte i surfebrett i Brasil, ser sitt snitt til å ta ein "break"… med det minste brettet på bølgene, ser han snart sine begrensningar, og padlar tilbake med stive skuldrar og vatn i systemet… men dagen er deilig, sola skin og hengekøya er oppe, så kva skal vi med surfebrett?? Image er tross alt det som teller…

Ellers har vi forsøkt kite-surfing. Kiten ser ut som ein para-glider som trekk deg rundt på eit brett (wake-board) på sjøen. I Norge er det mange som kitar på snø (men det er det lite av her…), så vi var i sjøen, og blei trekt rundt av denne supersterke "dragen", og hadde det fantastisk gøy. Det var første gong i går, så vi farta rundt utan brett. Det blir visst kalla "body-dragging". Passande ord, forresten. Verker i halve kroppen dagen derpå, men det var verdt det. Sjov!

No er vi tilbake på fastlandet. Det ser endeleg ut til at vi skal fortsette vestover. Neste stopp er Vanuatu. Diesel, bensin, vatn, myggstift og malariatablettar - vi er klare!

Nyt sommaren og stokk opp frysen med jordbær, blåbær, rips og bringebær!! Vi gler oss stort!

Helsing
Frode & Marit
 
< Forrige   Neste >