Reisebrev 26: Cairns til Darwin, juni og juli -06 Skriv ut
Skrevet av Marit   
Saturday 01. July 2006

”Life is a highway”

Transportetappe kallar vi det. 50 mil her, 60 mil der. Opp klokka 2 for å rekke neste dags ankring. Australia er stort. 2250 mil fra Townsville til Darwin. Min båt er så liten og kysten så inni hampen lang.

Vi seglar saman med den norske båten La Familia, Yngve frå Fjaler, Therese frå Askøy. Vi ligg i leia, leden, leien… Vi stridast om korleis det skal omtalast, men kursen er den same. Rundt eit nes, fyrlykt i sikte, fraktebåten vikar, her kjem to båtar under segl. Målet er Darwin innan 23. juni. Då ventar mannskap til La Familia.

Langs kysten er det reketrålarar. Med det same sola går ned, poppar det opp med kvite lys. Med svære vinger på sidene, skrapar dei den grunne sjøen for reker. Fullmåne tyder dårlige tider for reketrålarar, og mange vert liggande for anker. Til dømes i same bukt som La Familia og Petrell. Eg og Therese køyrer over, og byttar til oss ein pose med ferske reker mot litt sukker. Alle er nøgde. Vi kokar reker og det blir ein bra kveld. Vi takkar og helsar mot mannen i månen, som er god og full.

Vi nærmar oss Kapp Australia, Cape York. Vi tenker på Nord Kapp. Kontrastane er store. Her er det 30 varmegrader, og vi ligg 10° grader sør. Her er vinter, der er sommar. Kvar dag er det crusing-nett på kortbølgeradioen. Marit sjekkar inn kvar morgon, snakkar med kjente og ukjente. I dag har Petrell runda Cape York. Vi har 20 til 30 knops vind frå søraust. Alt vel om bord.

Det er godt å segle på ope hav. Vi kryssar Carpentariabukta. På radioen vert det kalla ”vaskemaskina”. Vi luffar på ullprogram, vi får ein skylling, sentrifugen går eit døger, ei bølge skyllar over Petrell og mannskapet. Trass i at vi må halde oss fast har vi gode dagar. Vi er i siget.

Vi prøver ny vaktordning. Fire timar av, fire timar på. MP3-spelaren rekk akkurat ein runde før vaktskifte. 60 songar. ”Sail away with me, honey”, syng Damian Rice, natt etter natt. Def Leopard syng ”Life is a highway”. Eg stirrar på kurslinja. Justerer vindroret. Kursen er bra. ”I’m gonna ride it all night…”

Slik nærmar vi oss Darwin. La Familia ligg allereie på innsjekkingskaien og ventar på oss. Vi fortøyer på utsida. Frode smiler av tanken på katamaran. Slik ligg vi første natta, til slusa opnar neste morgon og vi kan entre marinaen.

I Darwin møter vi svenske Annett og hennar australske kjæraste, Marty. Yngve og Therese møtte dei på backpacking i Sør Amerika. Dei stiller på kaien med kalde øl og ein plan om å gjere vårt opphald i Darwin best mogeleg. Det klarar dei. Vi blir køyrd frå båtbutikk til båtbutikk, på fruktmarknad, dei hentar, bringer og vi blir skikkelig bortskjemt og glad.

Det er gode dagar i Darwin. Vi jobbar om dagen, og kvelden er det sosialt. Vi går på marknad, nyter solnedgangen i Darwin (som er noko for seg sjølv), fest på stranda, middag hos La Familia. Det er lenge til vi ser sivilisasjon att, og unner oss litt ekstra.

I morgon opnar slusa klokka to. Då smett to norske båtar gjennom, og byrjar på eit nytt eventur; Det Indiske Hav. 6000 mil unna ligg Afrika. På vegen skal vi innom Cocos Keeling, Chagos, Mayotte, Madagaskar, Sør Afrika… I eit halvt år skal vi sigle inn i solnedgangen og kjenne soloppgangen varme i nakken.

Fra no av er vi å treffe på baatmail(alfakrøll)jordomseiling.com (ingen vedlegg)
(Skriv epostadressen slik for å unngå søppelepost..)

Alt vel, Petrell =)

 
< Forrige   Neste >