Reisebrev 25: Townsville til Cairns, mai -06 Skriv ut
Skrevet av Marit   
Thursday 29. June 2006
Tilbake til Australia
Dei siste 17. mai saluttane har akkurat lagt seg då vekkarklokka mi ringer torsdag morgon. Turen frå Noreg til Australia er ei lita jordomsegling i seg sjølv, der eg flaksar til Townsville via Oslo, London, Hong Kong, Brisbane og Cairns. Eg får til og med nokre timar i London med gamle seglevener. Dei bur i husbåt på Themsen saman med den nye lettmatrosen Emma på 4 mnd.

50 timar seinare, er eg på plass der eg skal vere.

Det meste i kofferten får ligge. Flagglina blir tatt (eg kan finne på å kvele nokon). Ein hund markerer eit eple i veska mi –som eg har ete fire timar tidlegare. Tre tollarar har full jobb med å klarere to tubar med kaviar. Jaja.

Det er, som vanleg, ikkje vanskeleg å få auge på Frode på flyplassen, høgreist og nybarbert skalle (klipt ein gong for alle?). Det er godt å sjå den karen att. Neste morgon troppar sju siglarvener opp og et frukost på utekafê. Det kjennast bra å vere tilbake. 

Krokodiller og pyton
Om bord i Petrell (var ho verkeleg så lita?), blir vi einige om å leige bil ei veke. Vi vil sjå innlandet. Gutta er nøgde med bilen, 200 hestekrefter. Eg er nøgd med fargen. Vi er i gang. Frode og Thomas framme. Marit og svigerfar i baksetet.

Vi køyrer motorveg til Innisfail. Her har orkanen herja. ”Kvar var sentrum av stormen?”, undrar vi. ”Her over hustaket” svarar ein av innbyggjarane, og peikar på eit tak som ikkje er der. Byen er i ruiner. Vi får rom på einaste overlevande motell. Der er det gode tider. Både for folk og dyr.

På kvelden sit vi på terrassen og anar fred og ingen fare, før ei firfisle dett ned frå taket, og landar rett i fanget på Asbjørn. Han er ein sindig kar, men vi kan ane ein liten skepsis. Det går ikkje lang tid før neste delikatesse landar. Ei flaggermus mistar taket der han dinglar opp ned over oss. Vi går inn…

Neste dag vitjar vi ein krokodillegård. Her vert ville krokodiller hanka inn og nytta til avl. Dette er ingen dyrepark, men eit krokodilleoppdrett der det vert produsert kjøtt og skinn, biff og håndvesker. Krokodiller er store, skumle og sterke. Vi får vete at eit krokodillegap, sjølv utan tenner, kan knuse oss som eit egg. Det kjennast veldig trygt med hønsenettingen som skil oss frå dyra.

Rundt på garden ruslar det høner (vi skjøna etterkvart kvifor) og tamme kenguruar som vi fekk mate med tørre kveitebollar. Dette likte dei tydeligvis godt. Eg gjekk derfra med skrapemerker etter ivrige kenguruar på armen. Det kjennast litt som ei vitjing i Narniaskogen.

Det blir mykje nærkontakt med dyr. Etter ei runde på garden får vi helse på Herr Pyton og ein liten baby-krokodille. Til slutt står vi der, Thomas og eg med ein krokodille i hendene og pytonslange rundt halsen. Til den dags dato har eg trudd at slangar og krokodiller var sleipe dyr, men sanninga er ein annan. Skinnet er mjukt og tørt. Ja, faktisk litt godt å ta på. 

Outback Australia
Vi køyrer til Cairns der Thomas reiser på dykketur. Han skal ha to dagar på Great Barrier Reef. Vi som er igjen, fortsetter inn i landet. Stort, tørt, uendelig og nydeleg. Vegen inn i ørkenen er som ei tidslinje. 50 mil, 50 år. Det er lunsjtid. I den lokale saloonen finn vi tre slitne karar, slitne cowboyhattar, sliten bardisk. Utanfor i dei støvete gatene står det framleis mattrau til hestane. På ein liten TV i kroken, skurrar ein gamal cowboyfilm.

Denne kvelden får vi oppleve solnedgang  i outback Australia.

Sola er i ferd med å gå ned. Vi sit på ein limestone og høyrer lydar vi aldri har høyrt før, frå dyr vi aldri har sett. I horisonten ser vi lave buskar og raude berg. Like ved oss kjem ein kengurufamilie hoppande. Over oss skrik ein flokk med kakaduer. Dette er ein av dei spesielle opplevingane som er så store at alt anna vert lite. Denne kvelden er vi veldig små.

Det nærmar seg avreise for Asbjørn og Thomas. Petrell og mannskapet er òg klare for å flytte på seg.

Halv fem på morgonen er det avskjed på kaien. Takk for besøket, vi snakkast om eit år eller så. Kanskje før? Vi håpar det.
 
< Forrige   Neste >