|
|
Nytt fra havet
|
Kval, delfiner og frostrøyk |
|
Skrevet av Marit
|
|
Monday 25. June 2007 |
Nordavinden bit oss på nasen, ullsokkar og ullundertøy må til. Vi kvapp litt når vi såg frostrøyken, men vi kjem fort inn i det. Så langt har turen vært knall, vi har sett kval på 10 meters hold, delfinar i morild om natta, lette vindar og rett kurs, og då er vi nøgde. Det ser ut som om vi når Kinsale i Irland på fredag. Dette blir første havna vi kjem tilbake til etter jordomseglinga, og enden på lange havstrekk. Vi er framleis i VHF kontakt med to andre norske båtar, så det blir masse sjabbing på radioen, (sprikande) værmeldingar frå mange hold, sosialt og veldig bra. 490 mil igjen, og sjokoladebeholdningen skal rekke heilt fram (til Bergen?).
Klikk her for å se hvor vi er på kartet!
Alt bra her! God sommar..brrr! Frode og Marit
|
|
|
Skrevet av Marit
|
|
Thursday 21. June 2007 |
Ein heil delegasjon er på veg nordover, fem båtar med norsk flagg på hekken, tre med skarre-r og to med rulle-r. Målet er Irland, og vi kan allereie lukte gras og grøne skogar. Vi har vore ute i to døger og har hatt det veldig bra så langt. Vi har lette vindar foreløpig, så det blir litt motring og litt segling. Vi har 950 mil igjen.
Klikk her for å se hvor vi er på kartet!
Alt vel, Petrell :)
|
|
|
Skrevet av Marit
|
|
Tuesday 19. June 2007 |
Et lite stopp på Azorene, men no kallar Bergen, og vi reiser vidare. Har hatt det veldig bra her. Møtt mange norske båtar, leigd bil, smakt på cappuccinoen, opplevd regnværet, grilla litt, nytt varme dusjar - så no er vi klare for neste etappe. Vi har 1200 mil framfor oss, og håpar det gåt kjapt og greit. Det er meldt om lette vindar, men i Atlanterhavet, der kan allting skje :) Sender med et bilde av bumerket vårt, som vi har malt på veggen i Horta. Vi skal holde dykk oppdatert på vegen, med posisjonar og sjokoladestatus.
|
|
|
Skrevet av Marit
|
|
Sunday 10. June 2007 |
Siste natta blei avrunda med deilig seilas. Vind i ryggen, for første gang på nesten 4 veker. På morgonkvisten runda vi moloen i Horta, og skjøna fort at vi ikkje var dei einaste. Tett i tett, i rekke og rad, fem i bredden. Vi fann innsjekkingsbrygga, og skulle til å legge oss inntil ein båt... men Petrell gjekk ikkje i revers! Det rista og bråkte, men ingenting skjedde. Frode hoia til ein lokal fiskebåt som kom forbi, og dei fekk taua oss elegant på plass. Frode hoppa i våtdrakta (alle som har prøvd dette, veit at det ikkje går an å hoppe i våtdrakta), barberte bort barten og hoppa på sjøen. Vi hadde fått tau i propellen. Easy-peacy! Frode nappa det laust, og dramatikken var over :) Horta ser veldig bra ut så langt, grønt og frodig og koselige gater. Vo gler oss til å ha nokre veker her.
Alt vel, Petrell's
|
|
|
Skrevet av Marit
|
|
Saturday 09. June 2007 |
Ser det endeleg ut til at Petrell kan smette i havn? Vi har 130 mil igjen til Horta, så no ser det bra ut. Herb har lova oss ein ny front som skal ta i mot oss, med 20 knop på snuten og regn på kjøpet. Vi får ta det som kjem, marinaen er ikkje langt unna. Vi gler oss!
Alt vel, Petrell's
|
|
| << Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
| | Resultat 16 - 20 av 170 |
|
|